Til hovedinnhold

Kjøkkenhygiene

Dei vanlegaste årsakene til matforgifting er utilstrekkeleg oppvarming eller for sein nedkjøling av mat, lagring av mat ved for høg kjøletemperatur og slurv med reinhald. Ved å følgje råda frå Mattilsynet unngår du matforgifting.

Publisert

Vask hendene

Du bør alltid vaske hendene før du et, før du lagar mat, mellom handtering av ulike råvarer og, sjølvsagt, etter toalettbesøk. Viss du kan unngå det, bør du ikkje lage mat til andre dersom du har magesjuke, vondt i halsen eller betente sår på hendene.

Bruk reine reiskapar

Vask knivar og skjerebrett ofte, og hald kjøkkenbenken rein. Kjøkkenkluten kan vere ei bakteriebombe! Vask han i maskin på minst 60º, eller legg han i klor. Byt klut ofte. Bruk aldri den same kluten på benken og golvet! Kjøkkenpapir er eit godt alternativ til klutar.

God varme – eller rask nedkjøling

Skal du halde maten varm ei stund før servering, må han vere rykande varm – ca. 60º. Dersom maten blir lunken, kan bakteriar vekse opp og gjere oss sjuke. Er det lenge til maten skal etast, er det betre å kjøle ned maten raskt og varme han opp igjen. Set til dømes kasserollen i kaldt vatn og rør rundt. Dersom du deler maten opp i mindre porsjonar, går nedkjølinga fortare.

Sjekk temperaturen i kjøleskapet

Matvarer som må oppbevarast kjølig, bør setjast i kjøleskapet. Temperaturen i kjøleskapet bør vere 4º eller lågare. Låg temperatur hindrar bakterievekst i matvarene.

Hald rå og tillaga mat frå kvarandre

Byt reiskap mellom ulike råvarer og mellom råvarer og ferdiglaga mat – eller vask reiskapane godt mellom kvar oppgåve. På den måten unngår du å overføre sjukdomsfremkallande bakteriar frå ei råvare til ein ferdig rett.

Varm mat skal vere rykande varm

Ved oppvarming til temperaturar over 70 grader i fleire minutt blir dei aller fleste bakteriar drepne. Fjørfekjøtt og oppmale kjøtt bør gjennomsteikjast. Når du steikjer heile kjøttstykke, som biff, kotelettar mv., er det nok at overflatene blir godt steikte – det er her bakteriane er. Når du lagar mat i mikrobølgjeomn, bør du røre rundt og la retten stå nokre minutt, slik at varmen blir jamt fordelt.

Lær deg å lage trygg mat

Følg dei enkle råda frå Mattilsynet på miniplakaten "Ikkje nok å vere god kokk", og unngå matforgifting heime. Bakteriar finst naturleg overalt, også i matvarer. Dersom du behandlar maten feil, kan visse bakteriar vekse og gjere deg sjuk. Bakteriane stortrivst og formeirar seg raskt i temperaturar frå 8 til 60º. Dei aller fleste bakteriane døyr når du varmar maten godt nok. Dei vanlegaste årsakene til matforgifting er: utilstrekkeleg oppvarming, sein nedkjøling, lagring ved for høg kjøletemperatur og slurv med reinhald. Skriv ut miniplakaten vår, og heng han opp på kjøkkenet! Plakaten ligg føre på fleire språk (sjå vedlegg i PDF nedst på sida).

Meld frå om du blir sjuk av maten

Mattilsynet arbeider for at matvarene våre skal vere trygge å ete, og fører kontroll med verksemder som produserer, sel, serverer og behandlar mat. Vi vil gjerne få vite om det dersom du meiner at du er blitt sjuk av mat. Det gjeld anten du har ete ute på restaurant, i ei kantine eller har laga maten sjølv.

Varsle om mat eller drikke

Meir om kjøkkenhygiene

Ikke nok å være god kokk (bokmål)

Ikke nok å være god kokk (nynorsk)

Ikke nok å være god kokk (engelsk)

Ikke nok å være god kokk (somalisk)

Ikke nok å være god kokk (tyrkisk)

Ikke nok å være god kokk (urdu)